(På h)Jul igjen:)

desember 16, 2011

Tja, kva kan eg seie. No har eg hatt lang pause frå denne bloggen og må vel eigentleg bestemme om eg skal halde fram med han eller slette han.  Eg syns blogg er eit godt refleksjons -og dokumentasjonsverktøy, men å skrive blogg, fagbok, artikkel og profileringsdokument samstundes, blei rett og slett litt mykje av det gode. Eg er ferdig med stipendiatperioden no til jul, men reknar med å bruke også neste semester til å fullføre det skriftlege arbeidet og ferdigstille søknaden om opprykk til 1.stilling.

Elles er eg relativt nøgd med framdrifta og arbeidsinnsatsen dette skrivesemesteret. Eg likar godt både å lese fagstoff og å skrive.  Eg ser ikkje for meg at eg nokon sinne skal slutte å produsere tekst. Å skrive er å tenkje, og det er noko magisk som skjer i skriveprosessen…det kjem stadig nye tankar, refleksjonar og undringar. Alt dette er viktig for meg i det faglege arbeidet, så eg kan ikkje slutte å skrive. Det viktigaste er ikkje å publisere (sjølv om det er eit pluss…)synest eg, men å lære.  

I januar startar eg med ny nynorskklasse, ein klasse på Trinn 1 (nybyrjarar) og eit prosjekt i samarbeid med Vox.   Mitt bidrag i samarbeidet med Vox er muntleg språkopplæring for nybyrjarar utan bruk av tekst. Det er ei spennande utfordring! Akkurat no les eg meg opp på bruk av bilder i språkopplæring.

Her kjem ei påminning til lesarar som underviser i norsk for 13-18åringar: Hugs å tinge Norsk start for god og engasjerande språkopplæring!

…og no er det snart jul…kanskje nissar les bloggar??? I tilfelle, kjære nisse, denne ynskjer eg meg:)


Skriveskriveskrive…

februar 17, 2011

Metodebok

Nå har eg vondt overalt etter å ha sete med nasa i ei bok eller ein datamaskin i altfor mange veker, dagar og timar…Det går så utruleg sakte framover med skrivinga, syns eg. Eg likar best når eg berre kan skrive i veg kva eg synest og meiner, men det kan eg ikkje når eg skriv metodebok. Eg må sjølvsagt ha gode argument, innspel, referansar og ekslusivt (=berre vesentleg) innhald. Å skrive er ein prosess og eg må akseptere at det ikkje går like fort som eg skulle ynskje, trur eg.

Forresten har eg fått piriformissyndrom (!) som er ein slags falsk isjias, og det gjer det til ei pine og plage å sitje…

 

Engelsk

Elles i dag har eg vore på uttalekurs i engelsk. Det var veldig bra. Det er mange gode lenkjer på verdsveven til både uttale, grammatikk, leseforståing og lytting, så dersom eg ikkje kjem vidare i den læringsprosessen, er det berre meg sjølv eg kan skulde på…

Konferansar

Eg har fått godkjend abstraktet til konferanse i Edinburgh og sendt abstrakt til Island som eg ventar på svar frå, men så er det slik at eg berre har fått stønad til å reise på ein konferanse…og eg trur eg må proiritere Island… om  eg altså får ja frå dei.

Nynorsk

I morgon er det nynorsk fagdag her på UiO. Då blir eg der heile dagen.

Neste veke

…er det førstelektorseminar på HiO. Tema er kunnskapsomgrepet. Eg har omsider fått tilgang til Fronter og artiklane som skal lesast på førehand.

Elles…

…har eg hatt møte med Vox om eit eventuelt prosjekt til hausten og våren.

21 av 29 studentar har førebels svart på spørjeskjemaet eg har sendt ut i samband med prosjektet på HiO, og eg har intervjua fire informantar og vonar det er nok.


Ting fell på plass

februar 1, 2011

Nynorsk

Så er eg på’an igjen. Sidan sist har me starta opp det nye studieemnet i Språkhistorie, nynorsk og dialektar og kome godt i gong. Studentane er overraskande dyktige og motiverte, og eg trur me vår eit spennande semester. Me skal òg bruke blogg for å dokumentere kva me gjer og for å ha eit forum der me kan bruke nynorsken og den nyvunne kunnskapen vår elles. Klikk deg inn her og sjå: www.nynorsk.skarring.wordpress.com.

HiO

Eg har dessutan intervjua tre studentar ved HiO og har ein igjen. Det eine opptaket måtte eg ta to gonger fordi eg ikkje hadde trykka skikkeleg på påknappen. Bitter læring….

Kurs

I går var eg i Haugesund for å halde kurs for lærarane i vaksenopplæringa på Karmøy. Det er alltid kjekt å halde kurs for lærarar i vaksenopplæringa, men det er no ekstra stas å halde dei på Vestlandet, syns eg. Flotte deltakarar og me fekk gjort mykje!   Det passar godt å ta opp att skrivinga på metodeboka etter ei slik god økt.

Konferansestøtte

I dag har eg òg søkt om støtte til å kunne reise på to konferansar…så då er det berre å krysse fingrane.

Sånn elles…litt privat…

…er det å nemne at eg var på MGPfinalen i Skien i helga fordi son (Andreas Sjo Engen) og to kompisar (Kjetil Helgesen og Marcus Only, tilsaman Beyond51) har laga ein knallbra låt saman med Stella Mwangi. No kryssar eg fingar for henne og gutane og går for siger i oslo 12.februar! Høyr låten her Stella Mwangi.

Broten lenkje

Og ikkje minst; her er ei lenkje til Dialektexperten og Miniexperten  som eg prøvde å leggje inn tidlegare. Læring: Det går berre an å leggje inn hovudlenkja og ikkje kapittellenkjer .


Djupneintervju

januar 11, 2011

Då ser eg at linken eg la inn i førre innlegg ikkje virkar…men eg jobbar med saka….

Imorgon skal eg ein tur til høgskulen og djupneintervjue ein rettleiar og fleire studentar. Eg har enno ikkje bestemt meg for om eg skal ta videoopptak eller berre lydopptak av intervjua. Ifølgje teknisk avdeling her, tek video av slike intervju for stor plass i høve til kor mykje ein får ut av det. Eg trur at eg får meir ut av å både sjå og høyre samtalane, men dette er førebels berre noko eg trur. Å tru er vel ikkje godt nok argument…Eg har prøvd å finne gode argument på nettet, men ofte står det oppmoding om å bruke det eine eller det andre. Difor tek eg kanskje med meg begge deler slik at eg kan vurdere det på staden.

I dette prosjektet har eg tidlegare samla inn data mellom anna frå spørjeskjema, fokusgrupper, logg og deltakande observasjon. Alt dette må danne grunnlag for mine refleksjonar og konklusjonar seinare. Spørsmåla eg skal stille i djupneintervjuet må difor vere relevante og gode slik at eg får vite det eg treng. Intervjua skal i prinsippet vere opne og ustrukturerte (frie), men eg vil likevel lage meg ein enkel intervjugaid for å sikre dette.

 

I gang igjen – abstrakt og nynorsk

januar 7, 2011

Så er eg i gang med arbeid og blogging.  Eg har fått ferdig abstraktet til Andrespråkskonferansen på Island i mai 2011. Denne konferansen kolliderer med førstelektordagane på HiO, men det er for det første ikkje sikkert at eg får godkjent abstraktet og for det andre kanskje like viktig i førstelektorarbeidet at eg deltek på konferansar.

Nynorsken har ingenting med førstelektorkvalifiseringa å gjere, men med undervisniga mi på UiO. Eg og ein kollega har laga eit nytt studieemne. dette me må sjølvsagt setje oss inn i. Eg har akseptert at eg må utsetje arbeidet med metodeboka til eg har full kontroll på undervisninga. Akkurat no arbeider eg med norsk språkhistorie frå urtid og fram til i dag. Litt av kvart å lære der…men veldig inspirerande:)

Eg brukar mykje frå Arne Torp, og han er rågod! Berre sjå her: Arne Torp  Klikk deg inn på velg kapittel – Kapittel 2 og til dømes Urnordisk.


Ballar i lufta

desember 14, 2010

No kjennest det ut som at eg driv og sjonglerer med åtte – ti ballar samstundes…Eg prøver å lande etter siste runde med artikkel i går (fekk ekstra sørvis og respons frå dyktige Elena Tcackenko:))), og tek tak i alle oppgåvene som har lege på vent, på same tid…

Refleksjon

Elles har eg reflektert litt over blogg som logg. Å blogge er eit effektivt og lettvint skrive – og dokumentasjonsverktøy. Eg har likevel oppdaga ein ulempe. Sidan bloggen er offentleg, må eg velje ut kva for informasjon som let seg offentleggjere. Dersom eg hadde hatt ein rein fagblogg, kunne eg skrive akkurat kva eg ville, vil eg tru, men så lenge eg brukar bloggen til refleksjon, har eg eit problem. Mange av mine refleksjonar over aktivitet i samarbeid med andre kan ikkje anonymiserast. Så kva gjer eg då? Skriv ikkje noko om det. Dette syns eg er ei ulempe.

Eg er òg usikker på om eg kan publisere studentarbeid, sjølv om det er anonymisert, så er det ikkje vanskeleg å finne ut kva for ei studentgruppe eg har arbeidd med. Det kan vere at eg er for forsiktig når det gjeld dette.

Nettverk

Ei god nyheit er at eit nettverk er på trappene:) Så då kan eg mest sannsynleg stolt presentere deltakarar, mål og meining her i bloggen over nyåret.

Rådvill

Konferansen på Island er diverre samstundes med dei neste førstelektordagane…Eg trur eg må velje strategisk om eg kan. Kva får eg mest utteljing for? Tja..det må eg finne ut.

Oppsummering av tredje dag av Førstelektordagane desember 2010

Medstipendiat Jannicke har ei kjempefin oppsummering av dagen i sin blogg.


1.lektorseminar på HiO

desember 10, 2010

Så er tre dagar med fokusert konsentrasjon og merksemd om ulike innspel til mogleg og relevant innhald og dokumentasjon i ein førstelektorgrad, over. Likeeins har eg kjent på hektisk tankeverksemd rundt eige utviklingsprosjekt som til dømes framdrift, dokumentasjon, kategorisering og plassering.

Framdrift

Framdrift gjeld kor mykje tid eg treng til det resterande arbeidet. Dette punktet heng saman med punktet om dokumentasjon. Kor mykje tid eg treng er avhengig av forma på dokumentasjonen, og sjølvsagt kor mykje tid eg har til rådighet i arbeidssituasjonen min.

Dokumentasjon

Dokumentasjon gjeld korleis eg faktisk skal dokumentere det arbeidet eg har gjort. Kva for måtar skal, bør, må eg dokumentere på??  Eg skal skrive ei metodebok med fagdidaktisk perspektiv. I Profileringsdokumentet tenkjer eg at eg mellom anna kan beskrive korleis prosjektet mitt har utvikla seg frå eigen læringserfaring til overføring til mitt fagfelt og så igjen overføring til eit heilt anna fagfelt (sjukepleieutdanninga – SU). Dette arbeidet må eg også dokumentere. Dette vil muligens kunne vere ein rapport. Eg har i hovudsak utført det utviklingsarbeidet eg skal, i prosjektet. Det som gjenstår, er å intervjue og lage case med faglærar på SU, samle inn evalueringar, refleksjonar og kommentarar frå studentane, og eventuelt lage ein case med lærarar frå vaksenopplæringa.   Informasjonen som kjem inn her, skal vere grunnlag for min analyse og refleksjon…

Kategorisering

Kategorisering tyder for meg kva eg blir 1.lektor i. Fagfeltet mitt er norsk som andrespråk, men eg er usikker på om eg kan seie at det er dette eg blir førstelektor i? Eller er eg ein fagdidaktikar? Kanskje det kjem an på vinklinga eg har i Profileringsdokumentet?

Plassering

Plassering tyder for meg kor eg kan plasserere meg i eit nettverk og i kva for type nettverk. Kor kan eg finne eit nettverk som samlar fagpersonar som er opptekne av det same som meg? Eg er med i prosjektet Gode pedagogiske praksisar ved PUS på HiO, men det kjennest ikkje ut som om dette er nok. Eg har eit mykje større trong til å diskutere innfallsvinklar knytt til utviklingsarbeidet mitt med andre som har erfaring og kunnskap om det same, enn det eg har høve til no.

Refleksjonsliste

Eg har laga meg ei liste over ting eg har fått refleksjonar rundt etter seminaret, og som eg bør starte med, gjere eller i det minste sjekke ut:

  • prøve å formulere min førstekompetanse
  • reflektere over sjangervalg i dokumentasjonen
  • få betre kjennskap til sjangeren essay
  • sjekke ut Mind Manager
  • sjekke ut SWOTanalyse
  • sjekke Frascati- og Oslomanualen
  • reflektere over om eg bør halde fleire innlegg på konferansar
  • lage eit utkast til Profileringsdokument
  • lage utkast til CV
  • legge aktivitet inn i Frida/Kristin
  • lage ein arbeidsplan for neste semester

Dette er berre litt av det som blei sett i gong av tankeverksemd, og eg trur ikkje eg blir arbeidslaus med det første. Det viktigaste akkurat no er faktisk likevel ikkje dette, men å avslutte prosjektet ved SU og kome vidare med metodeboka.


Skrive for å tenkje, lære og bli glad

desember 6, 2010

Eigentleg burde ein opphalde seg på ein aude stad når ein skal fordjupe seg og produsere fagleg arbeid. Mi erfaring er at det er lett å la seg forstyrre av andre viktige og mindre viktige innfall og hendingar. Eg kunne også ynskje meg at all faglitteratur var tilgjengeleg på nettet slik at eg slapp å bruke unødig tid på litteratursøk eller -henting…

Trass i at det kan vere litt vanskeleg å kome inn i ein god skriveflyt, synest eg at eg har kontroll på framdrifta. Eg veit omtrent kva eg skal lese, eg veit omtrent kva eg meinar (og dermed kva eg skal prøve å formulere), og eg syns at det å skrive slik både er ei meiningsfull, lærerik og interessant oppgåve.    

EndNote

Dessutan har eg endeleg fått kontroll på EndNote. Eg søkjer opp relevant faglitteratur på bibsys og legg referansen til i referansesamlinga mi. Så integrerer eg referansen i teksten når eg treng det. Veldig greitt.

Avslutning, førebuing og litt språklæring

Det pedagogiske utviklings- og endringsprosjektet eg har vore med på ved HiO er no nesten avslutta. Det står igjen å sende ut spørje/evalueringsskjema til studentane og å gå gjennom deira evaluering av oss som rettleiarar.

Artikkelen til MaiA er ferdig og sendt i dag, og eg førebur meg no til Førstelektordagane 8-10.desember på HiO…men så må eg ikkje gløyme å lese litt engelsk faglitteratur… Akkurat no er det Cognition and Learning av Greeno, Resnock og Collins i Handbok of Educational Psychology {Berliner, 1996 #1}.


Metodebok igjen:)

november 29, 2010

Artikkelen til nettidskriftet MayA er levert til kollega for respons, og det gir meg nokre dagar eg kan fylle med andre ting, som til dømes endeleg å få skrive vidare på metodeboka. Eg jobbar no med delen KVA av dei tre delene (Kva , Kvifor og Korleis) boka skal innehalde. KORLEIS er eg ganske godt i gong med frå før. KVIFOR har eg berre såvidt starta på. Dersom eg klarar å få til eit utkast til både KVA og KVIFOR før jul, blir eg veldig nøgd med meg sjølv. Eg skal i alle høve gjere så godt eg kan!

Konferanse 

Eg har forresten tenkt å skrive eit abstrakt og søkje om deltaking på andrespråkskonferanse i 2011 på Island. Fristen er heldigvis ikkje før i januar…

Utfordring1: skjema…

Andre viktige ting på tapeten no er å få sendt ut skjema til fleire lærarar som har delteke på kurs hos meg i vaksenopplæringa, og spørje om dei brukar noko av det dei har lært om.  Dei svara eg til no har fått inn, viser at dei (som har svart…) brukar det av og til, at dei syns det fungerer bra, men at dei skulle ynskje dei brukte det meir enn dei gjer.

Det å sende ut skjema er ikkje så lett som ein skulle tru sidan eg ikkje har hatt direkte kontakt med lærarane, men med forskjellige kontaktpersonar. Ikkje alle lærarane ved ein institusjon var på kurs heller, deltakarlistene er ikkje alltid heilt korrekte, ikkje alle jobbar der framleis…og epostadresser er ikkje alltid like stabile. Eg grublar difor på kva som kan vere beste måten å gjere dette på. No trur eg at eg må ta kontakt med kontaktpersonane eg hadde på ImDi  , og håpe at dei har ei oversikt over deltakarane på ein del av kursa i alle høve.

Utfordring2: Nettverk

Eg ynskjer meg eit nettverk…Eg har sendt ut førespurnader til personar eg veit har eller har hatt noko med samarbeidslæring å gjere, og har fått positive svar, men ingen som seier at dei vil vere med å starte noko. Eg famlar i blinde her. For det første veit eg ikkje korleis ein lagar eit nettverk. For det andre veit eg ikkje på kva for eit nivå eit slikt nettverk skal vere (innafor universitets-høgskulesystemet? alle undervisningsinstitusjonar? for dei som ser nytten av  å bruke samarbeid som metode i læring, uavhengig av skuleslag?)…Dette syns eg er vanskeleg, men eg kan sikkert finne noko om det på nettet…Kanskje eg berre kan invitere personar eg veit arbeider på denne måten og spørje om dei kan tenkje seg å vere i eit nettverk, og vips så er det  gjort?


Abstrakt!

november 23, 2010

Så er abstraktet sendt:) Eg har fått særs god hjelp både med form og innhald (frå Marit og Gerd:), og gler meg no til å arbeide med dette framover. Mitt innlegg kan knytast opp med dei andre abstrakta frå HiO som er lista opp nedst.

Her kan du lese abstraktet: 

Abstract for the 2nd International  Conference on Professional  Doctorates

Observing effects of collaborative learning  - project within a career development in Norway

 This paper focuses on experiences from cooperative learning in multicultural learning communities in higher education.

In nurse education at Oslo University College the educational activities are mainly based upon group collaboration and jointly produced written assignments. Collaboration, as a new teaching and learning strategy in this context, is challenging for both students and the academic staff. 

The implementation process has been characterized by continouos adaptation based on experiences derived from systematic observation of the students’ work, reflection and feedback. Quest-backs and informal conversations with both students and the academic staff point out that it is possible to create an inclusive learning environment, in which diversity is valued and makes a positive contribution to each student’s learning.

In this paper we will describe the implementation process of structured group work, and discuss important factors for a successful educational use of collaborative learning in student groups.

 Presenter and author: Toril Kristin Sjo, assistant professor, Department of Linguistics and Scandinavian Studies, University of Oslo

 This paper might be linked up to:

  • From Career Development Programme to Professional Doctorate: a Norwegian Case study
  • Teaching-R&D-Professionalism: Towards a widened knowledge nexus?
  • Being in the midst of it: My process towards a professional doctorate (PD)
  • Observing effects of collaborative learning – a project within a career development program in Norway

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.