Tja, kva kan eg seie. No har eg hatt lang pause frå denne bloggen og må vel eigentleg bestemme om eg skal halde fram med han eller slette han. Eg syns blogg er eit godt refleksjons -og dokumentasjonsverktøy, men å skrive blogg, fagbok, artikkel og profileringsdokument samstundes, blei rett og slett litt mykje av det gode. Eg er ferdig med stipendiatperioden no til jul, men reknar med å bruke også neste semester til å fullføre det skriftlege arbeidet og ferdigstille søknaden om opprykk til 1.stilling.
Elles er eg relativt nøgd med framdrifta og arbeidsinnsatsen dette skrivesemesteret. Eg likar godt både å lese fagstoff og å skrive. Eg ser ikkje for meg at eg nokon sinne skal slutte å produsere tekst. Å skrive er å tenkje, og det er noko magisk som skjer i skriveprosessen…det kjem stadig nye tankar, refleksjonar og undringar. Alt dette er viktig for meg i det faglege arbeidet, så eg kan ikkje slutte å skrive. Det viktigaste er ikkje å publisere (sjølv om det er eit pluss…)synest eg, men å lære.
I januar startar eg med ny nynorskklasse, ein klasse på Trinn 1 (nybyrjarar) og eit prosjekt i samarbeid med Vox. Mitt bidrag i samarbeidet med Vox er muntleg språkopplæring for nybyrjarar utan bruk av tekst. Det er ei spennande utfordring! Akkurat no les eg meg opp på bruk av bilder i språkopplæring.
Her kjem ei påminning til lesarar som underviser i norsk for 13-18åringar: Hugs å tinge Norsk start for god og engasjerande språkopplæring!
…og no er det snart jul…kanskje nissar les bloggar??? I tilfelle, kjære nisse, denne ynskjer eg meg:)